L

Alt Om Saltstraumen

Denne siden er tenkt som en møteplass for lokale og nasjonale straumværinger, såvel som en informasjonskilde for folk som søker info om stedet.

Kontakt oss
Kontaktskjema 

w

Følt temperatur

19.02.202020:30 Kjell Sigurd

Kor kaldt er det «eigentleg»?

Om det blåser heldt det ikkje å sjå på termometeret. Dei effektive kuldegradane kan nemleg være mykje lågare enn det gradestokken tilseier.

Temperaturen i lufta kan bli målt av eit termometer, medan følt temperatur er eit mål på korleis kroppen opplever temperaturen.

Om det er mykje vind vil ein oppleva temperaturen som lågare enn det den faktisk er.

Om det er varmt og høg luftfuktighet vil ein oppleva temperaturen som høgare enn det den faktisk er.

Kva påverkar følt temperatur?

Både luftfuktighet og vind påverkar korleis me opplever temperaturen.

Er det mykje vind vil det følast kaldare enn kva termometeret viser.

Om det derimot er fuktig og varmt, vil ein oppleva det som varmare enn om det hadde vore tørr luft ved same temperatur.

Vindavkjølingsindeksen

Vindavkjølingsindeksen

Den følte temperaturen W, kan bereknast slik:

  • W = 13,12 + 0,6215T - 11,37V0,16 + 0,3965TV0,16

Der T er temperaturen i ºC, målt i 2 meters høgde, og V er vindhastigheten i km/time målt i 10m høgde.

Når kroppen er varmare enn omgivnadane vil den gje frå seg varme til lufta.

Dess høgare denne temperaturskilnaden er dess meir varme gjer kroppen frå seg.

Når vinden bles vil den oppvarma lufta kring kroppen bli ført vekk og varmetapet aukar.

Vindavkjølingsindeksen viser kva temperatur ein ville hatt for å føle same kulde i vindstille forhold. Denne indeksen er avhengig av temperaturen og vindhastigheten.

I tabellen under kan ein sjå korleis vindavkjølingsindeksen varierer med vindhastigheten og lufttemperatur.

Fargane i tabellen viser kor stor fare det er for forfrysning.

SÅ KALDT FØLAST DET: Tabellen viser eksempler på kor kaldt været «følast» ved ulike vindhastigheiter og temperaturar.

SÅ KALDT FØLAST DET: Tabellen viser eksempler på kor kaldt været «følast» ved ulike vindhastigheiter og temperaturar.

Kilde: Yr.no