Mel.: Singel og sand...
1.
Den firogtjunne juli nittensekstifem,
då fant det sted et fiske som aldri e vel glem.
Den hendte ut i Saltstraumen som viden e berømt,
og når me sår all fisken, me trtrudde me såg skrømt.
"Lever og sei, lever og sei,
nei aldri eg såg så mye lever og sei."
2.
Og Straumen han virvla, og seien han spratt,
og folket dei stirra og var heilt betatt.
Sneller dei dirra og stengene svang,
skeiene svirra og taumene sang.
"Lever og sei, lever og sei,
nei aldri eg såg så mye lever og sei."
3.
Og seien han drog me no alt ka me vann,
ein heil kasse full ja, det drog me på land.
Og så fekk me kaffe og bollar attåt,
og nysteikte vafler som smakte så godt.
"Lever og sei, lever og sei,
nei aldri eg såg så mye lever og sei."
4.
Så bar det til Bodø til Vinkelen to,
der sku me festa og ganga til ro.
Me skrapa og slødde og skar ut filet,
eg undra meg korleis me alt sku få ned.
"Lever og sei, lever og sei,
i panner og baljer lå lever og sei."
5.
Og så blei me benka i kring festleg bord,
me åt og me had'kje tid til et ord.
fersk sei og lever og flatbrød og smør,
og spør om det smakte, me åt oss heilt ør.
"Lever og sei, lever og sei,
å du som det smakte med lever og sei."
6.
Natta var halvgått, men me gløymde det,
for me hadde mengder med sei som sku ned.
og sjøl opp i senga eg drøymde så godt,
om fersk sei og lever som eg hadde fått.
"Lever og sei, lever og sei,
nei aldri eg såg så mye lever og sei."
7.
Den turen til Straumen, den lever eg på,
all fersk sei og lever eg der fekk å sjå.
Og hvis du'kje trur meg, eg seier som så,
la turen til Aslaug og Johan den gå.
"Lever og sei, lever og sei,
nei aldri eg såg så mye lever og sei."
Sluttrefreng:
Suttam og sutteli og suttam og sutteli
og suttam og sutteli og lei ... osv
Odd.